Hovudside
Program
Stipend
Utstillarar
Messekart
Skular som deltek
Prosjektgruppe
Invitasjon

Arrangør:
http://www.stord.rotary.no/index.htm
Stord Rotaryklubb

STORD ROTARYKLUBB
UTDANNINGSMESSA I SUNNHORDLAND
ORG.NR.: 996 829 618
BANKKONTO: 8420.07.14554


Bømlo


Stord/Bømlo


Utdanningsmessa 2012

Utdanningsmessa for Sunnhordland er ei årleg messe for elevar i avgangsklassane på ungdomsskule og i videregåande skulane i Sunnhordland.


Vårt mål med messa, er å gje elevane ei god, variert og informativ presentasjon av ulike utdanningsvegar og arbeidsplasser, slik at dei kan gjera eit godt val til framtidig utdanning.

Utdanningsmessa for Sunnhordland er ein særs viktig arena for dei som vil marknadsføra seg mot ungdom som står føre val av utdanning og yrke. Det har også vore stor interesse frå utstillarar som ønskjer å profilera seg med aktiv informasjon mot elevane.

Messa kan også vera viktig for bedrifter å knyta kontakter med aktuelle lærlinger.

Den årlege Utdanningsmessa for Sunnhordland i 2012, vert arrangert for 22. gong på Stord Idrettspark, Vikahaugane på Leirvik 25. januar og 26. januar 2012.

I 2012 er det påmeldt tilsaman 2.881 elevar frå 7 kommunar i Sunnhordland. Dette er 183 fleire elevar enn i 2011.

Det er påmeldt tilsaman 60 utstillarar som er ein auke på 4 frå 2011.

Påmeldingskjema kan ein få ved å henvenda seg til:
Robert Halleraker tlf. 41 21 12 75 eller
epost:
rhallera@c2i.net
Påmeldingskjema finn ein
her

Påmeldingsfrist

Messa i 2011 hadde tilsaman 56 utstillarar. Utstillarane var vidaregåande skular, høgskular, universitet, folkehøgskular, Opplæringskontor, offentlege institusjonar, kommunar, Hordaland Fylkeskommune og NAV var representert, og ein del sentrale bedrifter i distriktet.  
Messa vart besøkt av tilsaman 2.698 elevar og omlag 300 lærarar.  I tillegg reknar vi med at det var ca. 600 andre interesserte innom messa. Elevane kom frå ungdomsskular og vidaregåande skular i 7 kommunar - Fitjar, Tysnes, Bømlo, Stord, Kvinnherad, Etne og Sveio.


Det var i år med 4 ungdomsbedrifter, 2 av desse kom frå Bømlo Vidaregåande skule, 1 frå Fitjar Vidaregåande skule og 1 frå Kvinnherad Vidaregåande skule.
Bømlo Vidaregåande skule presenterte eit prosjekt der dei skulle laga eit magasin der dei ville marknadsføra Bømlo Kommune sett frå unge augo. Det var utruleg engasjerte ungdomar som i framtida vil bli gode ambasadører for Bømlo Kommune. Den andre frå Bømlo vgs hadde teskjorter på programmet, Fitjar vgs presenterte matvarer laga av lokale råvarer - Fitjarpoteta, sjølvsagt var eitt av produktene potetkake.

Kvinnherad vgs presenterte ein lommekniv for jenter i motsetnad til ein vanleg lommekniv.

Alle Ungdomsbedriftene fekk kr. 500 i premie frå Utdanningsmessa.


Utdanningsstipendet

På messa vart det også utdelt eit Utdanningstipend på kr. 25.000.
Utdanningsstipendet vert sponsa av SKL. 

Den som fekk stipendet i 2011 var Svein Roger Koppang. Han er frå Sagvåg i Stord kommune. Han studerer til mastergraden i musikk i Manchester. I tillegg tek han timar i trompetspeling i Stavanger. Han arbeider også som lærar ved Stord Kulturskule.
Utan eit aktivt kulturliv i dag, vil næringslivet døy i morgon sa direktør Asbjørn Tverrdal i SKL Nett as. Med dette meiner han at kulturliv og næringsliv er gjensidig avhengig av kvarandre.

Tidlegare vinnarar:
2000: Per Gunnar Fjelldal - marinbiologi og fiskeoppdrett
2001: Andrè Nerheim - EU studier
2002: Geir Andrè Bakke - informatikk og data
2003: Olve Nyhammer - kiropraktikk
2004: Torstein Leth - HMS ingeniør
2005: Eva Bjønnes - naturgeografi
2006: Charlotte Hystad, Håkon Harrystad, Eivind Sørheim - arkitektur
2007: Julie Berger - fysioterapi
2008: Katrine Borgenvik - kunstnar
2009: Silje Framnes - grafisk design
2010: Katie Evans Lothe - siviløkonom
2011: Svein Roger Koppang - musikar

Beste Stand

Kvart år vert det lyst ut ein konkurranse for Beste stand. I 2011 vart Ytre Sunnhordland Opplæringskontor sin stand kåra til Beste stand.

Gjennom flere år har Utdanningsmessa for Sunnhordland vært en arena der ungdom i hele distriktet har fått anledning til å møte mulige fremtidige arbeidsgivere. Mange har her fått råd og tips om fremtidig yrkesvalg, og på flere måter fått en avklaring på det store spørsmålet: Hva skal jeg bli??

Arrangør for utdanningsmessa er Stord Rotaryklubb.

Mål for messa:

  • å gje deg sjanse til å snakka med representantar frå ulike skular og yrke
  • å gje deg innsikt i kva utdanningsvegar som finnest
  • å gje deg kunnskap om krav til dei ulike yrka

Til deg som er elev i grunnskule og vidaregåande skule i Sunnhordland

Målgruppa for messa:

  • ungdomsskuleelevar (9. og 10.klasse)
  • elevar i videregåande skule
  • studentar, rådgjevarar, lærarar
  • arbeidslause
  • foreldre

Utstillarar på stand:

  • videregåande skular
  • utdanningsinstitusjonar
  • andre institusjonar og organisasjonar
  • bedrifter

Lukke til med utdanningsvalet!

 

 




 

Sunnhordland Kraftlag

 
Eidesvik